Heilt andre tider

Heilt andre tider

2004

Sammendrag

Korleis var det å veksa opp for 80 år sidan, eller vera ung under andre verdskrigen? Når kom barnehagane? Korleis var det å bli gammal før alderstrygda? Kva var ein losje, og korleis vart Fusa ein skiskyttarkommune? Kor lenge har ein hatt Fusa-ferja, og når opna Grunnasundsbrua? Det andre bandet av bygdebokverket om Fusa 1900.2000 fortel om endringar i livsfasar og livsfestar, lagsliv og møtestader i bygdesamfunnet, og utviklinga i kommunikasjonane . sjølve føresetnaden for samkvem mellom menneske. Band I tok for seg kvardagsliv og levekår. Det tredje bandet kjem i 2005, då det er 150 år sidan Fusa vart eige prestegjeld og eigen kommune. Det tek for seg kyrkja, framveksten av velferdskommunen, lensmannsvesenet og dei private aktørane på det offentlege området, som sparebank og kraftlag. «Heilt andre tider» byggjer på varierte og rikhaldige kjelder. Folk i Fusa har delt raust av minne, kunnskapar og levd liv, og har henta fram bilete og dokument frå fotoalbum og skuffer. Det rikt illustrerte bokverket gjev eit eineståande innblikk i hendingar og levemåte i ein vestlandskommune som Fusa det siste hundreåret . og er kledd i ein sprek bokbunad.

Ella Marie Brekke Vangsnes

f. 1964 . Utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen 1992, med hovudfag i etnologi og støttefaga historie og tysk. Fleire års erfaring frå museumsformidling. Forfattar av «Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa» 1995. Ho er oppvaksen på Voss, men har sidan 1992 vore busett i Fusa. Har arbeidd som lærar på Fusa vidaregåande skule 1992.1993 og journalist i «Os og Fusaposten»

1993.1998. Tilsett i bygdebokprosjektet i Fusa kommune frå hausten 1998.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?