Høymolesong

Høymolesong

2020

Sammendrag

Det finst ingen skjulte meiningar

Det finst ingen skjulte meiningar med mitt liv.

Alt ligg opent og i dagen.

Og eg kan ikkje, som dei russiske poetane, rømme over steppene.

Her er ingen stepper.

Eg skulle gjerne ha vore kavalerist.

Men det er ingen krigar å kjempe.

Eg tenkjer på kor mørk og primitiv menneskekroppen er.

Eg tør ikkje eingong å besøke byane der eg ein gong elska kvinner av heile mitt hjarte.

Eg vil rømme frå alt som er bestemt for meg.

Poeten bør løfte blikket frå kroppssaftene

og det pumpande blodet.

Han bør vere taus, så langt han kan.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?