Syngande hjarte

Syngande hjarte

2023
nno
ISBN: 9788269045840
Kopiert!

Sammendrag

I "Syngande hjarte" tar forfattar og fotograf Irene R. Mjelde lesaren med på ei forrykande reise - gjennom verkelegheita til sju vestlendingar med heilt ekstraordinære liv.

Undertittelen er "Vestlendingar som vågar", og det desse modige sjelene vågar, er å vere seg sjølv - sitt rare, unike, suverene og inspirerande sjølv. Levande, ledige og stødige trør dei gjennom livet sitt, og gjer det til akkurat dét - livet sitt. Dei står ikkje på hoppkanten og ventar til unnarennet er forsvarleg måka, hoppar heller i det og tar alt som det kjem, anten stilen blir slalom eller utfor, eller luftige, lukkelege svev på strake vengjer.

I ord og i illustrerande, fargesprakande bilde får du følge:

Lill Olsen - ein vestlandsk nordlending og 2CV-entusiast med bein i nasa.

Oddvar Torsheim - poet og kunstnar som, ifølge han sjølv, er verdskjent i øvre Førde.

Aron Altinpinar - dragstjerne og forbilde for alle som kjempar for å finne sin rettmessige plass i verda.

Cily Shakti - båtbuar og råsprek yogaguru, som lar sykkelturar vare i fem år.

Elisabeth Gallefoss - profesjonell healar som har gjennomlevd store slag, men likevel fyller dagane med fargar, både for seg sjølv og andre.

Benedicte Brun - skogshuldra som har busett seg i ein tipi.

Georg Olafr Reydarsson Hansen - forkjempar for, og vikinghøvding i, sin eigen vikingby.

Desse vestlendingane tilfører mangfald og gjer «særeigen og spesiell» til eit kvalitetsstempel. I full tillit har dei i denne boka delt frå liva sine, frå barndom til notid - tankar og opplevingar, på godt, og på vondt. For klokskap og livsvisdom er ikkje alltid lettkjøpt.

I portrettboka har forfattaren forska på kva som gjer at akkurat desse menneska så naturleg vel å sprenge seg ut frå den sedvanlege ramma. Er det oppvekst, miljøa dei lever i, eller er det eit medfødd gen som gjev dei det ekstraordinære motet?

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser