Den symmetriske tvillingen

Den symmetriske tvillingen

2004
nno
ISBN: 9788291370866
Kopiert!

Sammendrag

På veg heim frå puben ein mørk nattetime, blir den sære, einslege og halvt forhutla reklamemannen og eg-forteljaren Are slått ned. Både han og lesaren vil gjerne vita kvifor, og er straks midt inne ein hardkokt spennings-, kriminal- og røvarroman om narkotikahandel i stor stil. Den symmetriske tvillingen utviklar seg så i ei glidande episk rørsle til også å vera ein roman om identitet og tid. Personane, handlinga og stadene flyttar seg på begge sider av grensene mellom forbrytarisk, spennande realisme og hallusinatorisk røynd . frå heimekjennelege Stavanger sentrum og egersundske fiskemottak til neonglitrande nedsausa californiske teaterklubbar og hip og hop og hei og hå. Det som opnar som hardkokt realisme, og som på eitt plan er det heile vegen, utviklar seg til å bli burlesk og uvirkeleg, draumeaktig, hallusinatorisk og fantastisk . med teikneseriefiguren Fantomet som ein av karakterane, den frihjulande brukthandlarbroren til forteljaren ein annan, ein dostojevskisk togpassasjer og ein stavangersk uteliggar ein tredje og fjerde. Om dei ikkje går i oppløysing, går dei tidvis over og opp i kvarandre.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser