Julenissen og andre nissar

Julenissen og andre nissar

av Velle Espeland,
2000

Sammendrag

Lurer du på kvifor far stressar rundt med maske og masse bomull i fjeset når han skal dele ut gåvene julekvelden? I denne boka får du greie på kva som skjuler seg bak dette merkelege påfunnet.Dette er den dramatiske forteljinga om korleis julenissen vart den han er i dag. Om "forfedrane" hans og om dei skapningane som har vore med å forme det bildet vi har av han. Ein av dei er den gamle gardsnissen vår. Frå han har julenissen namnet sitt og den raude nisselua. Ein annan er Sankt Nikolaus, ein gammal helgen frå Tyrkia. Han var det som fant på å dele utgåver til snille barn. Verken gardsnissen eller Nikolaus hadde noko med jula å gjere frå først av. Nikolaus hadde vore død i over tusen år før han vart ein julefigur, og enda gjekk det fleire hundre år før gardsnissen vart julenisse. Korleis denne forvandlinga har gått til, kan du lese om i denne boka.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?