Mot kaos

Mot kaos

Terningkast 5
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 5(1 anmeldelse)
Del
2025
nno
ISBN: 9788249529612
Kopiert!

Sammendrag

Eg går denne blågrå vegen min der den svingar opp til huset, nyt svingen gjennom og med så vakre dagar endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre eg er aldri åleine nei, for Hathor er med meg - gudinna for kjærleik og død ho kjem ut av statua si og røskar meg med eller ho tek meg i handa og leiar meg om bord i sitt smil ho breiar fram ein hemmeleg sti den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss ti tusen år denne næraste sola, proxima sin nabo, er far vår han er den mildaste mellom gudar og menneske det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn nei enno ikkje Kjartan Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos omset han denne lidenskapen i dikt. Boka opnar på diktarens heimstad ved Åfjorden og Lifjellet og trekkjer forbindelsen til Det gamle Egypt - til Nilen og pyramidane i Giza og Luxor. Storleikar frå oldtidas førestillingsverd kjem til syne langs vegen, i skog og vatn, og Hatløy går i dialog med den gammalegyptiske måten å tenkje om livssyklusen på: Han gjer døden til reisekamerat.

Anmeldelser

klassekampen.no
Terningkast 5
"I Kjartan Hatløys diktsamling «Mot kaos», vies en hel samling til egypternes forståelse av kosmos – og deres forsøk på bekjempe kaos."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser