Kongskyrkje ved Nordvegen

Kongskyrkje ved Nordvegen

av Halvard Bjørkvik,
1999

Sammendrag

PRAKTVERK OM PRAKTBYGG"Kongskyrkje ved Nordvegen" fortel om Avaldsnes si rolle før og under samlinga av Noregs-riket, om kyrkjebygget og kongen si rolle. Her får me vita korleis kyrkja dreiv handel, gjestgjervarverksemd og politikk, men også korleis ho fungerte som godseigar. Boka fortel om reising av kyrkjebygget, men også om korleis ho forfall og blei reist på ny. Me får vita om framståande og dyktige prestar som heldt til på Avaldsnes, men også om dei stride og merkelege prestane. Ikkje minst dreg boka fram historie om menneska kring kyrkja, om deira tru og tankeliv, om magi og trollskap, men også om skiftande syn på kva som var rett og gale.Her har haugalendingane og andre historisk interesserte fått boka som kongskyrkja og folkekyrkja på Avaldsneset fortener. Nokre av landets fremste spesialistar på sine felt har skapt eit heilstøypt verk om ein stad og eit bygg sov var viktig også i ein nasjonal samanheng. Mykje ubrukt materiale og nye forskingsresultat er drege fram, stoff som kastar nytt lys både over bygget og samfunnet det tente. Verket er gjennom illustrert, dels med bilete som aldri før har stått på trykk før, dels med bilete som nå kjem i fargar og ein heilt annan kvalitet enn før. God appetitt!

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?