På god veg
Sammendrag
I Sogn og Fjordane finst eldgamle vegar over Filefjellet i Lærdal og Mannseidet i Selje. Frå slutten av 1700-talet gjekk postvegen Bergen-Trondheim diagonalt gjennom fylket. Fjordar og fjell har gjort vegbygging vanskeleg, og først etter krigen fekk fylket eit samanhengande vegnett. Men enno finst det mange riksvegar utan gul midtstripe. På god veg fortel historia om korleis vegane kom fram til dei fleste bygdelag i Sogn og Fjordane. I dag bind stamvegar, riksvegar, fylkesvegar, kommunale vegar og svært mange ferjesamband fylket saman. Boka inneheld veghistorie frå alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Rikt illustrert med kring 650 gamle og nye foto og kart. Kristin Ese (f. 1949) frå Trondheim er historikar, og har m.a. vore informasjonssjef ved vegkontoret i Sogn og Fjordane.