Kron og mynt
Sammendrag
Romanens handling spenner fra 1660 til 1997 og vi beveger oss fra nordnorsk kyst til sørafrikansk urskog. Tjerand Fonn ser linjene i barokkskulpturen slynga seg inn i hans eigen kropp. Den grunnrike Pål Seland svingar ljåen over plenen slik han lærte det i utslåttene. Preikestolen i Stavanger Domkyrkje fortel ei erotisk historie. Gro Ruud er ein politisk komet frå låglandet austafjells. Over heile Europa trugar storflaumen med å fløyma over det politiske landskap. Leo Silber tryllar fram nakne kvinner og kappløver frå Moskva til Amsterdam. Samson Avsenius kjører att og fram gjennom forteljinga. Papirhistorikaren Johann Georg Bouziane finn vassmerke på blanke ark og under flaumen av typografiske teikn. Over heile forteljinga kometen på himmelen, fiskane i havet, fridomstreet i jorda. Og pengane som snurrar rundt og rundt: Mynt og kron. Kron og mynt. Kron og mynter Kjartan Fløgstads åttande roman, og førte til at han vart belønna med Brage-prisen og Gyldendal-prisen. Anmeldere om boka:«. en suveren, uovertruffen oppvisning i skaperevne og fantasikraft. Ingen skriver bedre i Norge i dag.» Terje Stemland, Aftenposten «Kron og mynt er et «must» for alle som er interessert i vårt samfunn og vår samtidslitteratur.» Øystein Rottem, Dagbladet «Fløgstad har helt enkelt skrivit en norsk motsvarighet till James Joyces Ulysess .» Nils Schwartz, Expressen «En av de vesentligste samtidskritiske romaner i Skandinavia på 90-tallet.» Eva Pohl, Berlingske Tidende