Latviske vottar

Latviske vottar

av Maruta Grasmane,
2016

Sammendrag

178 tradisjonsmønster frå Latvia - populære strikkevottar frå ein rik tradisjon!

Latvia har ein fargerik og vakker strikketradisjon, og landet er særleg kjent for den rike vottetradisjonen. Tidlegare var det vanleg at dei latviske kvinnene strikka vottar til brudekistene. Etter tradisjonen kunne ingen vottar vere like. Derfor fi nst det i dag nærast tallause mønster og variasjonar. Denne boka syner den latviske vottetradisjonen frå 1700-talet og fram til i dag.

Kvar region i Latvia har sine spesielle variantar. Her får du mønster på vottar frå alle dei ulike regionane. Vottane er strikka med tynne pinnar og tynt garn, noko som gir plass til mykje mønster på kvar vott. Her er det vottar for den som likar det enkelt og klassisk med få fargar, men òg fargerike variantar i uventa kombinasjonar. Felles for alle vottane er dei særeigne mønstera som gjer vottane til små kunstverk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?