Lausgjengar

Lausgjengar

av Fumiko Hayashi,
2021

Sammendrag

Eg var berre ein liten svart katt, og verda glodde mistruisk på meg og hysja, hysja, hysja på meg.

«Lausgjenga»r skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet.

Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi.

Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?