Lefseboka

Lefseboka

av Bodil Nordjore,
2014

Sammendrag

Eg vonar denne lefsereisa har gjeve deg innsyn

i kor fantastisk rike me er på lefsetradisjonar.

Det som er so grenselaust spanande å sjå, er

korleis oppskrifter har vandra frå stad til stad,

menneskje set sine avtrykk på ei oppskrift,

fyri den går vidare til neste. Dette gjer lefsetradisjonar

levande og tilgjengeleg for alle.

Hardangerlefsa er den lefsa som eg har møtt

flest gonger i ulike utgåver, og som flest har

eit tilhøve til i heile landet. Å baka lefser med

gode råvarer er ein rikdom som gjev status.

Det er spanande å sjå kor vidt lefsa famnar

som matemne. Det er ei sann glede å arbeide

med so kjært matminne som so mange har eit

tilhøve til i dag. Lefsa blir gjort levande i alle

samanhengar i dag. Eg vonar du som lesar og

brukar av lefseboka, finn inspirasjon til å leite

på loft og i kjellar etter kjevle og takke, likeeins

at du kan finne fram gamle kjære oppskrifter

som du kan gjera til dine med dine hender.

Bodil Nordjore

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?