Målreising og morsmålsdokumentasjon

Målreising og morsmålsdokumentasjon

av Bjørghild Kjelsvik,
2017

Sammendrag

Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør i Norsk Ordbok, fyllte sytti år den 18. august 2017. Ho har vore ei av dei mest sentrale kreftene bak den fornyingsprosessen Norsk Ordbok gjekk igjennom frå tusenårsskiftet av.

Dette festskriftet er ganske fagtungt, men ikkje berre. Det består av tre hovuddelar: Den første delen er personleg. Innleiingsartikkelen handlar om personen Oddrun, ført i pennen av broren Gunnvald Grønvik. Deretter får vi kortare oversikter over innsatsen hennar i målrørsla og i Språkrådet. Den andre delen består av fem artiklar om dei store vitskaplege prosjekta Oddrun har vigd yrkeslivet sitt til frå 1987 til 2017. I sentrum står Norsk Ordbok og digitaliseringa av den, men vi får også ein artikkel om dei afrikanske språkdokumentasjonsprosjekta Oddrun har vore engasjert i (særleg i Zimbabwe). Den siste delen består av mindre fagartiklar der tidlegare kollegaer av Oddrun gir smakebitar av det mylderet av småprosjekt som eit slikt omfattande ordboksarbeid inneber.

Til slutt tar vi med ei vurdering av ordboks- og arkivarbeid i forhold til vitskaplege kvalifikasjonar, og ein bibliografi over dei vitskaplege og populærvitskaplege arbeida til Oddrun.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?