Manndom
Sammendrag
Alfred Hauge (1915-86) utgav i 1975 Barndom, to år seinare fulgte Ungdom. Manndom, det tredje og siste bandet i trilogien med livsminne, vart fullført i 1980. Det personlege stoffet - kvardagsliv med familie, venner og i arbeid som lærar, forlagsmann og journalist - blir vevd saman med eit større kulturpolitisk stoff. Hauge skriv om det å arbeide i ein kristen kulturtradisjon og reflekterer generelt kring det å skulle vere ein kristen forfattar som ønskjer seg friare kunstneriske rammer enn desse miljøa kunne gje. Beretninga ender med at han vert medarbeidar i Stavanger Aftenblad, ein posisjon han skulle kome til å ha i rundt 30 år. Boka tek for seg åra 1940-53, desse femnar òg hans skjønnlitterære debut og utgjevinga av fleire andre bøker. Det er sterke liner mellom det Hauge fortel om livet sitt og bøkene hans. Det han fortel i Manndom, dannar ein viktig bakgrunn for romanen Ropet (1946) og dei seinare visjonære bøkene, som til dømes Mysterium (1967).