Swanns kjærleik

Swanns kjærleik

av Marcel Proust,
Terningkast 5
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 5(1 anmeldelse)
Del
2023
nno
ISBN: 9788279593652
Kopiert!

Sammendrag

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie.

Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk.

Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.

Anmeldelser

dagogtid.no
Terningkast 5
"Proust tek seg tid til å utforske menneskesinnet gjennom beskriving av Swanns kjærleik og sjalusi. Prosaen flyt fint i Margunn Vikingstads omsetjing."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser