Fotografi frå Ryfylke

Fotografi frå Ryfylke

av Morten Heiselberg,
2007
nno
ISBN: 9788281400337
Kopiert!

Sammendrag

Ein unik dokumentasjon av kulturhistoriske fotografi frå Ryfylke, i møte med menneske, miljø og landskap frå perioden 1880 til 1940. Boka presenterer nærare 300 fotografi frå Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Mesteparten av bileta er tatt av lokale amatør- og yrkesfotografar, samt av landskjende fotografar som Knud Knudsen og Anders Beer Wilse. Med Ryfylke-landskapet som rammeforteljing syner bileta i boka ryfylkingar i kvardagsliv og samfunnsliv, i arbeid i jordbruk, fiske og industri, i tillegg til bilete av byggeskikk, stader og landskap, samferdsle og turisme. Boka legg vekt på fotografi både som sjølvstendig kulturelt uttrykk og som historisk kjeldemateriale, og dei fleste bileta blir presenterte i heilsides format, med tekstar som fortel historier knytte til fotografia, i tillegg til opplysningar om fotograf, tid og stad, personar, hendingar og høgtider. Boka har eit fyldig personregister med nærare tusen namn, samt geografisk register.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser