Moskusboka

Moskusboka

2010

Sammendrag

Det norske moskus-feet er på frammarsj

Moskusfeet på Dovrefjell og i Sunndalsfjella er tyngre, lever lenger og føder oftare enn sine slektningar i Grønland og nord-Amerika. Berre sjukdommar og forverra beiteforhold som følgje av varmare og fuktigare vêr, ser ut til å true stammen. Dette går fram av den ferske Moskusboka, den første som er skrive på norsk om feet.

Forfattar Egil Hyldmos nye bok for ungdom og vaksne er spekka av overraskande fakta, eventyr frå heile verda og tolv dramatiske og morosame møte mellom moskusfe og menneske. Ei historie fortel om ein teltturist som fekk utført ansiktsvask av ein moskusokse. Ein politibetjent med eit fe i hælane, måtte setje personleg rekord på 100 meter hekk.

Moskusfeet er ikkje eit "nedsnødd" dyr frå fortida, slik mange trur. Det er eit intelligent flokkdyr som kan tilpasse seg natur- og klimaendringar. Flokkmedlemmene kommuniserer med kvarandre på måtar som er uvanleg blant andre kvegdyr. 29 kalvar døydde av munnskurv i 05 og 71 dyr av lungebetennelse i 2006/07. Likevel har stammen dei siste ti åra fordobla seg til om lag 280 fe i 2010.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?