Norsk litterær årbok 24

Norsk litterær årbok 24

2024
nno
ISBN: 9788283901610
Kopiert!

Sammendrag

I år er det 100 år sidan Arne Garborg gjekk bort. Det har vorte

markert i både aviser (Dag og Tid) og ved museum i landet (Garborgsenteret på

Bryne). I dette nummeret gjev Espen Grønlie ei nylesing av Haugtussa (1895), som

tek utgangspunkt i korleis resepsjonen har vurdert «naturen» i langdiktet. Grønlie

syner korleis dei tolkingane av verket er mest heldige, som legg størst vekt på men-

nesket sjølv som natur. Veslemøys utvikling er dermed ikkje ei atterspegling av na-

turen kring henne, men ein del av han. Jon Fosse vart i fjor tildelt nobelprisen.

Jamvel om vi no er komne til 2024, feirar vi òg denne prisutdelinga med ein analyse

av Kvitleik (2023). Gjennom ei intertekstuell undersøking peikar Øyvind Tveite-

reid Gulliksen på Fosses inspirasjonskjelder – alt frå Dante, i den kjende attdiktinga

til Henrik Rytter og Sigmund Skard – til Moby Dick av Herman Melville. I fjor

gjekk Hans Herbjørnsrud bort. Dette nummeret av NLÅ markerer òg novellekun-

sten til denne for mange kjære forfattaren gjennom ein undersøking Kjell Ivar

Skjerdingstad har gjort. I sin artikkel argumenterer han for at Herbjørnsrud i fleire

noveller produserer eit nærvær hjå lesaren, og ved å nytte «skulptur» som metafor,

viser Skjerdingstad korleis skulpturen dukkar opp som kalligram hos Herbjørnsrud,

men òg korleis skulpturering og skulpturar i ulikt material stig fram i fleire noveller.

Lesaren vil vidare finne andre spennande artiklar i dette nummeret. Det er

ekstra hyggjeleg å ha ein ung litteraturforskar med på laget, Ingrid Lorange, som i

fjor vart master på basis av ei oppgåve om bruken av levende modellar i forfattar-

skapen til Laura Kieler. Artikkelen hennar er ein omarbeidd versjon av delar av

masteroppgåva. Lorange gjer ei nylesing av den samtidige resepsjonen av Kielers

Mænd af Ære (1890) og Gunnar Heibergs Kong Midas (1890), og viser korleis Kie-

ler – uretvist – møtte større motbør enn forfattarkollegaen Heiberg. Vi kan òg tilby

tre andre artiklar: Ståle Dingstad undersøkjer korleis Absalon Pederssøn Beyers Om

Norgis rige (1567) blir oppfatta av den fiktive karakteren og historikaren ved namn

Fjord i Dag Solstads Roman 1987. I same artikkel ser Dingstad òg resepsjonen av

Beyers noregsskildring i lys av Solstads roman. Morten Auklend har òg levert eit

forvitneleg bidrag som etablerer kontakt mellom eit moderne og eit historisk verk.

Auklend granskar i sin artikkel ei rekkje allusjonar i Ingvild Burkeys diktsamling

Den mest tenkelige av alle verdener (2008) til filosofen Leibniz’ Monadologien (1714).

Ei nærlesing av lyrikk avsluttar også årboka. Hadle Oftedal Andersen les Inger Eli-

sabeth Hansens dikt «Bruk og misbruk av klippeblåvingen» frå Å resirkulere leng-

selsen, avrenning foregår (2015), der han knyter seg til Timothy Mortons utgreiing

av sambandet mellom økokritikk og dekonstruksjon.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser