Norsk ølhistorie
Sammendrag
Øl har til alle tider hatt ei avgjerande rolle i folks kvardagsliv og levesett, frå oldtidas Mesopotamia til dagens mangfaldige mikrobryggeri. Ølet har vore med gjennom heile livet - frå barselsøl til gravøl, til helg og høgtid gjennom fleire hundre år. Det har vore ein viktig ingrediens i spelet om politisk og religiøs makt og status.
Sissel Brunstad tek oss med på ei reise i norsk ølhistorie, som for første gang er samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten. Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Den gamle bryggekunsten vil vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.