Norske smakar

Norske smakar

av Hanne Frosta,
2015

Sammendrag

Ei uvanleg underhaldande kokebok full av knallgode oppskrifter.

Forfattar Linda Eide dreg på oppdagingsreise med Hanna Frosta, sjefkokken som kasta ut sitt populære middelhavskjøkken og erstatta det med ein meny basert berre på norske smakar.

I jakta på gode råvarer og sterke smaksopplevingar reiser dei på smale grusvegar, gjennom tronge dalar og til oasar midt i byen. Her lagar dei Hanne sine beste rettar av sesongens råvarer og det som vert hausta, slakta og fiska i nærleiken.

Med Linda Eide sitt vittige skråblikk, kunnskapen til Hanne Frosta og Thor Brødreskift sine fotografi, er dette ei uimotståeleg og inspirerande kokebok.

«No sit me og et blåmuggostekake i ein sofa, og har nettopp funne ut at med ei lita stripe kreklingsirup eller blåbærsirup ved sida av vert denne kaka så god at all verdas dessertmenyar må skrivast om, den franske fromasjdessertideen reviderast, og Hanne Frosta forgyllast.» (Frå boka)

Om forfattarne:

Linda Eide (f. 1969) er programleiar, forfattar og journalist, mellom anna kjend frå NRK-serien Norsk attraksjon.

Hanne Frosta (f. 1962) er kokk og kokebokforfattar. Ho dreiv restauranten Hanne på Høyden i Bergen i 14 år.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?