Notatbok frå ein barndom

Notatbok frå ein barndom

av Norah Lange,
2015

Sammendrag

Vakker barndomsskildring i latinamerikansk perle

Norsk-argentinske Norah Lange høyrer til blant pionerane i den latinamerikanske litteraturen, og var ei av svært få kvinner knytt til den argentinske avantgarden på 1920- og 30-talet. Notatbok frå ein barndom kom ut for første gong i 1937, og er blitt kalla ei av dei vakraste, mest lysande barndomsskildringane i den latinamerikanske litteraturen.

Norah Lange samlar her sine stillferdige barndomsminne som med sin sterke visualitet får preg av eit fotoalbum. Ho gir oss nære og klare bilete av Norah og søstrene hennar, av nabolaga i Mendoza og Buenos Aires, og av dei mange karakterane og rituala som prega barndommen deira. Bokas små kapittel blir til stemningsfulle og poetiske miniatyrportrett av både personar og stader.

Frå spansk ved Gunstein Bakke.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?