Eit pust i sivet

Eit pust i sivet

2014
mul
ISBN: 9788282581608
Kopiert!

Sammendrag

Oddny Rød er klinisk sosionom og arbeider som familieterapeut og meklar ved Familievernkontoret i Molde. Sommaren 2014 vart livet totalt snudd på hovudet då ektemannen døde brått og uventa på den første feriedagen deira. Han var ein aktiv og engasjert naturmann, og ein svært godt likt lektor i vidaregåande skole.

Forfattaren og dei to sønene sit ikkje berre att med sorg og sakn, med også med ein tidlegare prestegard. Det er eit svært stort, gammalt hus med frukt- og bærhage, fjøs og naust. Det vil merkast at husbonden er borte.

Boka er skriven i løpet av dei åtte første vekene etter dødsfallet. Her er små dikt og tankar om fortid, framtid, sorg, kjærleik og takksemd. Det er også utdrag frå kontakt forfattaren har hatt med andre på sms eller over sosiale medier i denne tunge tida, samt nokre dikt forfattaren skreiv for over tretti år sidan.

Forfattaren har hatt stor nytte av å skrive seg gjennom sorgprosessen, og å lytte til musikk som var viktig for både mannen og henne. Musikken har av og til inspirert til skriving av nye dikt. Tekst og musikk høyrer saman, difor er musikkreferansane tatt med i boka. På den måten kan dei lesarane som vil, spele av musikken etterkvart som boka blir lest.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser