Snakk sant om livet

Snakk sant om livet

av Olaug Johanne Bollestad,
Terningkast 4
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 4(2 anmeldelser)
Del
2021
nno
ISBN: 9788234005206
Kopiert!

Sammendrag

Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar.

Bollestad kjem frå det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018.

På Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frå kvardagane sine. Der er ho høg på livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande.

Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig å snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt å leva opp til ambisjonen, både i familielivet, i politikken - og i denne boka.

Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka "Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig".

Anmeldelser

aftenbladet.no
Terningkast 5
"Olaug Bollestad er oppsiktsvekkjande open om det meste – bortsett frå politikken."
dagbladet.no
Terningkast 3
"Olaug Bollestad-biografien inneholder få sannheter om KrF, men mange lett beklemmende anekdoter om hvor festlig hr og fru Bollestad har det."

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser