Liv Nirisdotter Bratterud

Liv Nirisdotter Bratterud

2024
nno
ISBN: 9788293636533
Kopiert!

Sammendrag

Denne boka handlar om ei kvinne frå Bø i Midt-Telemark. Ho heitte Liv Nirisdotter Bratterud (1826-1892), og er av ettertida kjend som ein framifrå eventyrforteljar.

I motsetning til mange tradisjonsberarar kom ho frå ei av dei beste bondeættene i det gamle Bøherad. Likevel enda ho som husmannskvinne på ein armodsplass i ville skogen. Grunnen var eit lite gjennomtenkt ekteskap med ein husmannsson som drakk opp alt ho hadde av verdiar.

I boka følgjer eg Liv Nirisdotter Bratterud sitt liv frå vogge til grav. Eg skriv også om døtrene hennar, og om slektningar og vener som prøvde å hjelpe henne.

Elles legg eg fram nye og dramatiske kjelder, i form av rettsdokument. Denne dokumenta.sjonen handlar om Livs ektemann, som fekk to fengselsdomar.

Kva var det som fekk ei velståande kvinne til å velja ein fattig og valdeleg husmannsson?

Og er det sant, slik enkelte kilder seier, at han emigrerte til Amerika?

...

Olav Solberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker og vitskaplege artiklar og er ein av våre fremste spesialistar på folke.dikting og mellom.alderlitteratur.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser