Omstart

Omstart

2016

Sammendrag

Omtale: Reidar Almås er professor og nestor innan norsk landbruksforsking.

Han har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen,

men nyleg endra han syn.

- Norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, er ikkje til å berge.

Vi treng noko nytt, meiner han. - Vi treng ein omstart, ein omstart

verken dagens regime i landbruks- og matdepartementet eller dei

norske landbruksorganisasjonane synest å vera i stand til å sette i

gang.

I denne boka gir Almås ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen,

med tollvern, marknadsregulering i regi av

samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom

små og store bruk. Han er uroleg for kva som skjer med landbruket

og presenterer ein alternativ landbrukspolitikk som kan auke

norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar. Denne debattboka

vil vera ein brannfakkel inn i norsk landbrukspolitisk debatt.

Boka er eit forsøk på skape ein høgare himmel over landbruksdebatten

og samtidig eit varmt forsvar for eit allsidig, lønsamt og

berekraftig landbruk over heile landet.

Reidar Almås er norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og

regionalpolitikk (1986-2013). Han er også ein aktiv kronikør og

samfunnsdebattant. Almås er seniorforskar ved Norsk senter for

bygdeforsking, som han bygde opp frå starten i 1982.

Boka kjem i mars 2016.

Boka kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarane

eller tingast direkte frå forlaget.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?