Ordriket
Sammendrag
Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.
Lesebok 4B I denne boka følger vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Underveis støyter dei på historiske menneske og havnar i situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval. Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og kjende klassikarar.
Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 4B. Les meir på fagbokforlaget.no