På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bd. 2

På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bd. 2

av Margrethe Henden Aaraas,
2000

Sammendrag

På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane har eineståande kyrkjer og kyrkjeskattar: stavkyrkjer som Urnes, Borgund og Hopperstad, steinkyrkjer som Kinn, Hove og Dale i Luster, ruinanlegget på Selja, rikt dekorerte 1600-talskyrkjer, staselege trekyrkjer frå 1800-talet, og moderne arbeidskyrkjer. Frå Sogn og Fjordane stammar nokre av den fremste kyrkjekunsten landet har å by på. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane er den første samla framstillinga av kyrkjene og kyrkjekunsten frå fylket. Stoffet er ordna som ei reise, der kyrkjene blir presenterte slik dei ligg etter ferdavegen. For kvar kyrkje er det omtale av historia om dagens bygning, om tidlegare kyrkjer på staden, om kunst og inventar og om kunsten som er på museum. Denne kunsten er henta heim til kyrkja han kom i frå. Bøkene fortel spennande historier om kva kår folk flest levde under, dei som gjennom tidene søkte til kyrkja i glede og sorg. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane inneheld: to store bøker, kvar på 304 sider band 1 omfattar Nordfjord og Sunnfjord band 2 omfattar Sogn omtale av 120 kyrkjer, arkitektur, kunst og inventar presentasjon av dei 26 kommunane oversiktsartiklar om arkitektur og kunst kring 700 foto, dei fleste i fargar kring 100 andre illustrasjonar: nyteikna kart, teikningar og figurar Bli med på kyrkjeferd gjennom eit makelaust kyrkjefylke, frå Selja ytst ved Stad, til Borgund oppunder Filefjell! Forfattarbiografiar: Margrethe Henden Aaraas (f. 1962) er journalist i NRK Sogn og Fjordane Sigurd Vengen (f. 1950) er sokneprest i Førde og prost i Sunnfjord Torkjell Djupedal (f. 1957) er journalist, forfattar og forleggjar Finn Borgen Førsund (f. 1946) er historikar og forfattar

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?