Profeten
Sammendrag
PROFETEN er Kahlil Gibran sitt mest kjende diktverk. Den er omsett til 20 språk, og er lesen av titals millionar. Kahlil Gibran (1883-1931) var fødd i Libanon. På grunn av fatigdom fekk han ikkje skolering som ung, men han hadde ein morfar som var maronittisk-katolsk prest som lærde han om Bibelen og dei assyriske og arabiske språka. Familien flytte etterkvart til USA, og frå 1918 gjekk han over til å skrive på engelsk.
PROFETEN er truleg blitt så populær fordi den tar for seg allmenne spørsmål med innsikt, og i kunst.narleg drakt, formidlar han eit universelt syn på livet, med det tidlause ein finn i dei store religionane.
Her er til dømes mange tankar frå Bergpreika, og visdomsord som gjer teksten tilgjengeleg for folk av alle rasar og livssyn.
Sondre Bratland (f1938) er folkesongar, statsstpendiat, songpedagog og tidlegare leiar av Institutt for Folkekultur ved Høgskulen i Telemark på Rauland. Religiøse folke.tonar er hans spesialområde, og med stipend frå Norsk Allmenvitenskapleg Forskningsråd har han gjort eit stort innsamklingsarbeid av religiøse folketonar. Han har skrive og omsett ein god del salmer og visetekster. Aktiv songar og plateartist med spellemanspris. Han har også mottatt mange prisar for sitt arbeid i norsk kulturliv, og fekk m.a. «Storegutprisen» i 2014 som vert gjeven av Litteraturdagane i Vinje « - til ein som på ein positiv måte brukar eit levande nynorsk i det offentlege rom».