Amerikabrev

Amerikabrev

2009
nno
ISBN: 9788282400084
Kopiert!

Sammendrag

"Ein vinterdag i 1929 sit den vel 84-årige Lars Stavig på loftsrommet sitt i byen Sisseton heilt nordaust i staten Sør-Dakota og skriv brev heim til bror sin i Fræna i Romsdal. ... Han er heldig som har mange i den næraste familien rundt seg, men etter 53 år i Amerika lengtar han framleis attende til heimbygda. Alt tyder på at han ikkje har lært seg engelsk på alle desse åra, og han kjenner seg gammal og einsam." Slik opnar boka om to brør frå Fræna i Romsdal, Lars Stavig (1844-1933) og Knut Stavik (1851-1950), som gjennom nesten 70 år skreiv brev til kvarandre over havet, men aldri møttest igjen etter at Lars utvandra i 1876. Knut sat heime som småbrukar, fiskar og skomakar, medan Lars vart ein vellukka farmar i Sør-Dakota. Han og borna realiserte den amerikanske draumen om med to tomme hender å arbeide seg fram til stor velstand. Utvandringa til USA på 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet er eit viktig kapittel i historia vår. Denne boka byggjer på ei forvitneleg samling på om lag 200 brev, og gjev oss førstehands kjennskap til korleis den vanlege mannen både i USA og her heime opplevde livssituasjonen sin, både når det gjeld familie, arbeid og økonomi, men ikkje minst også sakn og leng både dei som reiste og dei som var igjen kjende så sterkt på.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser