Rettleiar for byggeskikk i Odda kommune

Rettleiar for byggeskikk i Odda kommune

2016
nno
ISBN: 9788299341837
Kopiert!

Sammendrag

Byggeskikk er eit omgrep som har endra seg med tida. På 1800-talet la kulturforskaren Eilert Sundt merke til at kvar bygd og landsdel hadde sine særeigne skikkar for husbygging. Byggeskikken fanst i mange variantar, som talemålet og måten å kle seg på. Skikk og bruk rådde i smått og i stort. Men alt då var dette

i ferd med å endra seg. Den moderne bonden verdsette individuell fridom.

I dag er det korkje ønskjeleg eller mogeleg å krevja at alle som bur i same

område skal byggja på same måten. Byggeskikk må difor handla om å visa omsyn

til heilskapen, samstundes som det skal vera rom for individualitet. Det handlar

om å tilpassa nye bygningar til gamle, om å verna, om tradisjonar utan at ein nødvendigvis skal kopiera. Vi må ganske enkelt visa same omtanke når vi formar miljøet omkring oss som når vi møblerer stova. Det krev kunnskap å finna balansen mellom eigne interesser og samfunnet sine.

Det er dette denne handboka handlar om.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser