Reven Ruben

Reven Ruben

av Roald Kaldestad,
2001

Sammendrag

Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip sit på kafeen og planlegg neste konsert. Heavykatten har laga masse nye tøffe heavyriff og diggbare tekstar. Han vil at dei skal ha røykmaskin og svære flammekastarar neste gong. Phillip har skrive mange fine og triste dikt og meiner dei skal visa lysbilete på ein skjerm bak på scenen. Men Discodansemusa, kva vil ho? Ho sit stille og drøymer og er ikkje med i det heile tatt. Dagen etter er Discodansemusa vekk. Ho har teke i mot tilbodet frå Reven Ruben, direktør i det multinasjonale selskapet, Schleip & Schlu, og har drege til byen for å bli popstjerne.

Dei to andre er heilt fortvila og både sinte og skuffa. Men dei gjer ikkje opp og innkallar til audition på kafeen. Discodansemusa lever eit liv i luksus. Ho bur på hotell og får handla alt ho vil ha. Kafeeigaren oppdagar at han kjenner Reven Ruben frå før. Han er ein tidlegare småkjeltring, som har blitt storkjeltring i staden. Heavykatten og Phillip orkar ikkje tanken på at Discodansemusa skal kome ut for skurkar, og sjølv om ho har svikta dei, så dreg dei til den store byen for å hjelpa ho, og avsløre reven.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?