Sakte kjem eg der

Sakte kjem eg der

2014

Sammendrag

Dikta i samlinga er blitt til over tid. Ei langsam reise eller vandring som enno ikkje har tatt slutt. Her inviterer han lesaren inn i rom med dører som kan opnast og lukkast eller bli sett på gløtt. Dette er dikt fylt med stemning, innleving og pasjon.

Eg høyrer vinden

kvesse denne kantete muren

av ein molo i djupt vatn blå fred.

Det er i denne tyngda

eg kjenner meg att når eg lengtar

lik ei rørsle i det siste skotet på eit døyande tre.

Johannes Eines (f. 1948) har vakse opp i Lofoten, og bur no i Oslo der han har jobba som sjukepleiar.

Han har tidlegare fått publisert dikt i aviser, tidsskrifter og antologiar. Forfattaren er elev på Nydalen male- og teikneskole, og har illustrert nokre av dikta sjølv. Sakte kjem eg der er hans første diktsamling.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?