Vi har alltid budd på slottet

Vi har alltid budd på slottet

av Shirley Jackson,
2026
nno
ISBN: 9788234016011
Kopiert!

Sammendrag

Mitt namn er Mary Katherine Blackwood. Eg er atten år gammal, og eg bur i lag med søstera mi Constance. Eg har ofte tenkt at med berre litt flaks kunne eg ha blitt fødd som varulv, sidan dei to midtarste fingrane på begge hendene mine er like lange. Men eg har måtta nøye meg med det eg har fått. Eg likar ikkje å vaske meg, hundar eller bråk. Eg likar søstera mi Constance og Richard Plantagenet, han frå Rosekrigane, og den dødelege flugesoppen Amanita phalloides. Alle andre i familien min er døde. 

Det har gått seks år sidan den tragiske hendinga som tok livet av nesten heile familien Blackwood. I skjul frå resten av landsbygda puslar Constance i hagen og kjøkkenet, onkel Julian arbeider med papira sine, og Merricat grev ned sølvmyntar i bekken og kviskrar magiske ord i mørket som vern mot vonde blikk. 

Då fetter Charles uventa dukkar opp, blir tryggleiken deira truga. Merricat er villig til å gjere kva som helst for å verne søstera og heimen, og hindre at gamle løyndommar kjem fram i lyset. 

Vi har alltid budd på slottet er eit hypnotisk, urovekkjande meisterverk, rekna som ein av dei viktigaste og mest innflytelsesrike gotiske romanane i moderne tid. No for første gong på norsk, omsett og med etterord av Laura Djupvik.

«Den beste boka hennar — på same tid både vimsete og oppskakande, som ein miniatyrmålar har skissert ein sjarmerande detaljert fantasi inne i eit mausoleum — dess djupare vi søkk ned, dess djupare ønskjer vi å komme.» 

Donna Tarrt

«Eit meisterverk innan gotisk spenning» Joyce Carol Oates

«Kastar eit vedunderleg lys over livet … ei forteljing fylt av svik og mystikk» 

The New York Book Review

«Eit heksebrygg av uhyggelege krefter og forbløffande originalitet» 

The New York Times 

«Ein fengslande, makaber og subtil roman» 

The Guardian 

«Jackson har en egen evne til å blande gotikk og skrekk med humor med sine sylskarpe observasjoner av utenforskap, isolasjon, småbyliv, klasse og den menneskelige trangen til å få vite absolutt alt om et saftig mord.» 

Ellen Støkken Dahl

«Et lite, psykologisk mesterverk! Fortellerstemmen vil hjemsøke deg.»  

Helena Brodtkorb 

«Shirley Jackson snur mysterieromanen på hovudet i denne perla av ei bok.» 

Frida Fliflet

«Eg blei bergtatt av det genuine, men også meiningsfylte framandarta ved Shirley Jacksons Vi har alltid budd på slottet.» 

George Saunders

«Ei stemningsfull og djupt forstyrrande lesaroppleving som kjem til å heimsøke deg» 

Publishers Weekly 

«Om du ikkje enno har lese Vi har alltid budd på slottet … har du gått glipp av noko fantastisk.» 

Neil Gaiman 

«Shirley Jacksons verd er uhyggeleg og uforgløymeleg … Ho er ein sann meister.» 

A. M. Homes 

«Denne romanen gir meg tilbake trua på skrekk og død. Det er den største komplimenten eg kan gi.» 

Dorothy Parker, Esquire

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser