Sildeeventyret

Sildeeventyret

av Malvin Toft,
2004

Sammendrag

Sildeeventyret.

Dette er både ei historiebok og ei eventyrbok. Kanskje mest det siste. Vintersildfisket på kysten av Sogn og Fjordane i 50-åra var ikkje mindre enn eit eventyr, og berre dei som sjølve hugsar så langt attende, og som sjølve deltok på sjø- eller landsida kan forstå dimensjonane. Det var verdas klart største sesongfiskeri. Florø og Måløy var mellom verdas største og travlaste fiskerihamner.

Sildeeventyret toppa seg i rekordåret 1956 då det vart ilandført heile 12,6 millionar hektoliter vintersild. Nesten 25.000 fiskarar deltok. På alle høvelege sjøhus vart det salta sild. Sildoljefabrikkane gjekk på høggir, og den illeluktande røyken vart kalla "pengelukt". Det var ei herleg tid.

SILDEEVENTYRET skildrar:

- det store vintersildfisket på kysten av Sogn og Fjordane på 1950-talet

- livet i sildetida, både på feltet og i sildebyane på land

- storfiskarane "Lyn", "Vigra", "Raid" og "Eystein", og mange andre sildebåtar frå heile landet

- notbasen Hans O. Vindenes

- mottaket på land, tilverking og omsetnad

- sildoljefabrikkane i Måløy og Florø

- tønneproduksjon i Dale

- sildevandringane frå år til år, og forklaringar på kvifor silda forsvann

- fem av dei største sildekasta nokon sinne

Boka er rikt illustrert med meir enn 180 eineståande foto og andre illustrasjonar. Brorparten av bileta er frå Vest Foto-samlinga til fotograf Kåre Botnmark i Florø, og fotograf Henrik Hamre i Måløy.

Malvin Toft, f. 1934, er fiskarbonde og skribent, og var sjølv med på "sildeeventyret" på 1950-talet, som gjekk føre seg rett utanfor stovedøra hans på Skorpa, vest av Florø. Medforfattarar: Karl Egil Johansen, Ivar Longvastøl, Atle Lyngstad Ness og Ingolf Røttingen.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?