Skrifter i samling. Bd. 5

Skrifter i samling. Bd. 5

2001

Sammendrag

FRED (1892) . "min naturalistiske jær-roman" kalla Garborg boka. Tittelen er ironisk, ettersom livet til hovudpersonen, Enok Hòve, er alt anna enn fredfylt. Han gruvlar natt og dag, strir med Vårherre, piner seg sjølv og familien. Til slutt tek angsten heilt over og driv han i døden for eiga hand. Samstundes teiknar boka eit mektig bildet av jær-naturen og fortel mykje om det store omskiftet i økonomi og kultur som reiv opp det gamle, trygge bygdelivet. FRED er ein djuptborande og spennande studie i religionspsykologi innafor eit samfunn i omforming. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?