Skrifter i samling. Bd. 7

Skrifter i samling. Bd. 7

2001

Sammendrag

Diktkrinsen HAUGTUSSA (1895) er kan hende det rikaste verket Garborg har skrive, og mange av dikta er blitt folkeeige. Det er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet, om striden mellom godt og vondt, og samstundes en fulltonande lovsong til naturen, sett gjennom augo til hovudpersonen Veslemøy. Ho er synsk og kan sjå både inn i huldreheimen og gjennom menneska. I sitt eige liv får ho røyne svik i kjærleik, og ho blir freista til å gå over til dei mørke maktene. Livskampen hennar blir fortald med stor språkkunst, i poesi som både grip og gleder.I HELHEIM (1901) er eit framhald av HAUGTUSSA og er skapt som eit visjonsdikt etter mønster av "Draumkvedet" og Dantes "Den guddomlege komedien". Først og fremst er det eit jordisk helvete som blir spegla her, og boka syner fram viktige sider av Garborgs tankeverd. Han går til åtak på vonde makter i tida og held oppgjer med mammonsveldet, sjølvhugen og maktsjuken.KVÆDE er ei samling einskildsdikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter gjennom heile livet. Det mest kjende av desse dikta er truleg fedrelandssongen "Gud signe Norgis land". ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klarte å leve av å skrive. Han høyrer til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?