Slidredomen

Slidredomen

av Jahn Børe Jahnsen,
2020

Sammendrag

Slidre kyrkje, Slidredomen, «katedralen i Valdres» - kjært barn har mange namn. Slidredomen, som kyrkja blir kalla i dag, er den gamle hovudkyrkja i Valdres. Ho er datert til ca. 1268 og er den største av dei tre steinkyrkjene i Valdres frå mellomalderen.

Boka fortel soga om korleis kristendomen kom til Valdres, om kyrkjebygging og om kyrkjelege kunstskattar som har vore i bruk i Slidredomen i hundrevis av år. Vi får òg eit innblikk i soga om alle dei som har vore prestar i kyrkja gjennom godt 750 år.

Forfattar Jahn Børe Jahnsen har skrive boka om den vakre hovudkyrkja i Slidre. Boka er gjennomillustrert med foto som er tekne av Ola Døhl, presten som var ved kyrkja i tida 2012-2020. Det har vorte ei vakker bok som viser fram kyrkja i Slidre-landskapet til alle årstider.

Jahn Børe Jahnsen (f. 1943) er fødd og oppvaksen i Oslo, men har budd i Valdres sidan han kom til Vestre Slidre ungdomsskule som lærar i 1971. Han er utdanna historikar og har vore lektor ved Fagernes vidaregåande skule. Seinare vart han konservator ved Valdres Folkemuseum og leiar for Opplandsarkivet.

I Vestre Slidre var Jahnsen lokal leiar for utgravingsarbeidet ved Mo kyrkjeruin. Det var starten på eit stort lokalhistorisk arbeid han har lagt ned i Valdres gjennom snart femti år.

Jahnsen har skrive mange bøker om historiske emne - ikkje minst om kyrkjene i Valdres. Han har skrive bok om Mo kyrkjeruin i Vestre Slidre, og om Ulnes kyrkje og Svenes kyrkje i Nord-Aurdal. Bygget av levende stene - Middelalderens kirkelige forhold i Valdres kom i 1983. Boka Slidredomen 800 år (1987) bygde på hovudoppgåva hans i historie ved Universitetet i Trondheim. Seinare har han skrive Middelalderkirker i Valdres (2008) og Bjørnen i kirken (2012).

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?