Soga om Spelemannen Ola G. Okshovd

Soga om Spelemannen Ola G. Okshovd

av Kjellbjørn Karsrud,
2024

Sammendrag

"BOK og 2CD: 300 sider.

Spelemannen Ola G. Okshovd (1872-1960) vaks opp i eit

rikt spelemannsmiljø i Øystre Slidre på slutten av 1800-talet.

I hans levetid gjekk heile samfunnet gjennom store omveltingar,

noko som førte til at den gamle folkekulturen kom

under press. Samtidig opna det seg nye moglegheiter både

teknologisk, sosialt og økonomisk.

Med Okshovd som midtpunkt får du eit innblikk i liva til

heilt vanlege folk gjennom både skjemt og alvor. Boka fortel

korleis jernbanen, avisene, grammofonen, bilen, radioen,

elektrisiteten og velferdsstaten gjorde seg gjeldande i denne

perioden, og kva for plass kappleikar, konsertar, dansefestar

og spelferder hadde i Ola Okshovds samtid.

Attåt boka følgjer det med to cd-ar opptak frå nrk der

Okshovd spelar hardingfele.

Produksjonen er dermed lagd til rette for ulike typar lesarar

og lyttarar. Bokslukaren kan pløye gjennom 300 sider.

Bokbladaren kan finne nærmare 200 illustrasjonar. Sogeforteljaren

kan tileigne seg nokre titals «rispo». Nerden kan finstudere

400 fotnotar. Musikklyttaren kan nyte alderdomleg

felespel frå Valdres.

kjellbjørn karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i

Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Ola

Okshovd. Han er lektor på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande

skule og bur i Lom.

"

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?