Sonettar

Sonettar

2023

Sammendrag

Reise

Eit steg, eitt til, så er det gjort: snart er

du langt av stad, og før du anar står

du ved ei elv, ein fjord, eit hav og ser

koss kvervlar, krusningar og bølgjer går -

dei vinkar med seg tanken din, han fer

til rom og menneske du drøymer om.

Du bryr deg ikkje med kva lei det ber,

du følgjer røystene som kviskrar «kom»,

dit du var så mange gonger før,

dit du aldri var, men lengtar til.

Kanskje kjem du til ei open dør

der nokon står og spør deg kva du vil.

Omkring deg breier seg ei unders verd.

Eit steg kan vera nok: så er du der.

Frå ein undergrunnsstasjon i Moskva, til ein karaokepub i Irland, frå halefrosk og kivi-høner i New Zealand til ei kråke heime på tunet i Noreg - gjennom den tidlause sonettforma tek Per Olav Kaldestad med lesaren på ei rik reise, og skildrar det som møter blikket med ærefrykt og takksemd som vitnar om ein djup kjærleik til verda og menneska.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?