Toppturar i Sunnmørsalpane

Toppturar i Sunnmørsalpane

av Stig Jarle Helset,
2015
nno
ISBN: 9788293090380
Kopiert!

Sammendrag

Ny skiførar til fjella kring Hjørundfjorden, Austefjorden og Storfjorden.

Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet - breidda - spennvidda av ulike typar naturopplevingar ein kan få innanfor korte reiseavstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet. I Sunnmørsalpane sin fasinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å måtte stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen.

Hovudtanken med denne boka er å vise det store mangfaldet av opplevingar ein kan få som skiløpar i regionen. For at du skal få lettare tilgang til alt dette, gir vi deg her grundige ruteskildringar og ruteskisser frå det vi meiner er dei 80 beste toppturane i Sunnmørsalpane innanfor ulike kategoriar: korte og lette, lange og krevjande og bratte og ekstreme. Drøym deg vekk med boka ein regnvêrsdag - og realiser draumane dine ein skredtrygg solskinsdag!

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser