Tysnesingar i krigsår

Tysnesingar i krigsår

2020
nno
ISBN: 9788281632394
Kopiert!

Sammendrag

Ved krigsutbrotet hausten 1939 reiste fleire hundre tysnesingar i utanriksfart som sjøfolk. Dei fyrste som fekk merka krigen, var dei som segla i handelsfarten over Nordsjøen og det skulle ikkje gå lang tid før Tysnes fekk sine fyrste krigsofre. Då Noreg vart trekt inn i krigen, kom mange i årelang teneste som sjøfolk i uteflåten og segla i krigssoner over heile verda. Andre enda opp i heimeflåten og fekk erfara krigshandlingar frå eit heilt anna hald. Tysnesingar tok også del i den militære motstanden mot tyske invasjonsstyrkar i Noreg frå april til juni 1940. Sidan var tysnesingar å finna i den frie norske marinen, i motstandsarbeid og som soldatar i amerikanske eliteavdelingar på slagmarkene i Europa, Afrika og Asia.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser