Kongen, Kniksen og ein veranda

Kongen, Kniksen og ein veranda

2024
nno
ISBN: 9788293991069
Kopiert!

Sammendrag

Sverre Bungum, sogningen og skulemannen som i ein alder av 28 år flytta til Sund for å bli rektor og seinare skulesjef, er etter eigne utsegn avhengig av aviser. Her finn han, til liks med dei fleste naturlegvis, nyhende frå inn- og utland. Store og små nyhende. Særleg små, om vi skal leggja til grunn det utal av kommentarar og refleksjonar han har gjeve seg opp gjennom åra. Og som denne boka er full av. Med skarpheit, bitande ironi og humor, særleg av det underdrivande slaget, deler han tankar om stort og smått. Som sagt; oftast smått. Dei fleste tankane er utklekte på eigen veranda med storslått utsikt over Lerøyosen. Mange av nyhenda er ikkje heilt nye lenger, men kommentarane går ikkje ut på dato. I alle fall ikkje med det første.Av ein skulemann med solide røter i nynorskland bør vi forventa eit godt språk. Og det er sjølvsagt blitt som forventa.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser