Skjergardsbarn
Sammendrag
Vi hugsar pappa sitjande i lenestolen framoverbøygd med reiseskrivemaskina på fotskammelen, hamrande med begge peikefingrane for å få nok trykk på tastane. Slik fekk han skrive ned svært mykje om mangt og mykje. Noko er gitt ut i Askvoll kommune sine historiehefter, frå fangetida er gitt ut i Natzweilerhefte og noko har vore på trykk i avisa. Men det er også ein god del som berre er skrive ned for å bevare det for ettertida.
Sverre J. Landøy var kjent for å ha ein "lett penn", og hadde evna til å gjere stoffet både lettlest og interessant, godt ispedd med historiske fakta.
Vi har lenge tenkt at vi må få dette verdifulle stoffet ut i bokform, og startar med forteljingar frå barndom og oppvekst. I manko på foto har vi brukt illustrasjonar for å understreke den humoristiske tonen som alltid låg på lur hos pappa.
Vi vonar at lesaren vil få seg mang ein god flir og ha glede av boka.
