Terapidikt

Terapidikt

2024

Sammendrag

Hjørdis Kristin Longva stiller spørsmål ved kva som skjer når verken kvinna eller mannen klarer å ta imot den kjærleiken som kjem deira veg. Dikta er djupt personlege, men treff samstundes eit breitt publikum ved at mange kan kjenne seg att i det ho skriv. 

Hjørdis Kristin Longva er 52 år gamal. Opprinneleg sunnmøring og skriv på nynorsk, men har budd 32 år i Bergen og jobba som lærar i ungdomsskulen og med norskopplæring for vaksne flyktningar og innvandrarar etter åra på UIB. 

«Hjørdis Kristin Longva skriv mørkt og leikent om kjærleik, lengsel og vanskeleg kommunikasjon. Dikta grip tak i deg og held deg fast, litt sånn som forfatteren sjølv lengtar etter at nokon skal gjere. Eller gjer ho?»

Ingeborg Rydsaa, medieviter og tidlegare journalist i BA 

«Denne diktboka handlar om å pusle seg eit liv. Med hjartet på hoggstabben. Om ikkje makte å ta i mot, men likevel våge, sjølv om tvilen pakkar oss inn i tjukk skodde. Om å bli lappa saman, få tetta dei innvendige sprekkene. Og om alt vi drassar rundt på av unødig bagasje. Orda treff!»

Kristin Maridal, forfattar

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?