Til stades
2000
Sammendrag
ELDRID LUNDENs nyaste utgjevning Til stades er ei bok med stor spennvidde både når det gjeld språkleg uttrykk og motiv. Den rører seg uanstrengt i tid og rom og hentar inspirasjon frå biletkunst, arkeologi, historie og myter. Gjennom heile boka går ei parallellføring av ulike tidsplan. Og ei spegling av den individuelle erfaring i våre kollektive minne. Eit bevegeleg mønster som også framkallar spenning. Det samlande grepet ligg dels i det språklege nærværet, dels i utviklinga av dei sentrale motiva. Temaet er knytta til ein refleksjon over menneskelege grunnvilkår, og forfattarens interesse er, som alltid, primært knytta til aspektet: det ukjende i det velkjende.
Lån boken
Henter lånestatus
Kjøp boken
Henter priser