Tim Brentloffs eventyr
Sammendrag
Gjer klar for ein NEGLEBITANDE UT-AV-KROPPEN-OPPLEVELSE!
Tim Brentloff er ein ung mann, så urban som det går an å bli når ein veks opp i ein småby på vestkysten.
På ferietur nordover forliser han med Rutebåten, Tim Brentloff blir feidd over bord og forlatt i bølger på størrelse med ei amerikansk boligblokk.
Hvis han ikkje hadde blitt fiska opp av ei sprø kjerring som ser ut som om ho planlegg å sløya han, ville Tim Brentloff ha vore død og boka slutt på s. ...
Men Tim Brentloff dør ikkje.
Dette er den forskrekkelige historia om hans reise til Nivlheim. Til det djupaste, ytterste Dødsriket - tur/retur. Det er den sanne forteljinga om hans møte med lumske fiendar, om byllepest, gift og pinsler. Om mordarspøkelser, klirrande knoklar, klam angst og mystiske hjelparar.
Det er historia om korleis Tim Brentloff - som den første levande skapning - knekker koden og krysser Gjallarbrua.
Åtvaring:
Lesarar av denne boka vil etter lesinga sitta inne med detaljert kjennskap til gammal og svært farlig magi. Magi som regulerer liv og død. Aldersgrense blir vurdert.
Les utdrag fra boken