Tut og køyr!

Tut og køyr!

2000

Sammendrag

DÅ FOLK TOK VEGEN FATT Vegen var bygd for at folk skulle ta seg fram til dampskipsbryggja eller jernbanestasjonen. Heilt fram til midten av 1950-åra var det regelen i Hordaland, sjølv om krigen hadde skapt større interesse for samanhangande vegar tvers gjennom fylket og vidare til andre landsdelar. Ei og anna ferje var komen, og skapte samband som folk kunne nytta om dei ville fram med dei få bilane som enno fanst. Det store skiftet kom etter kvart som moderne og gamle fjordabåtar la til for siste gong, og ikkje minst då vegstridane vart avløyste av vegplanar. Det store tidsskillet i Hordaland var den første Norsk Vegplan i 1970, følgt av klargjerande vedtak om kor stamvegane skulle gå - mot aust, langs kysten mot nord og sør, og tvers gjennom fylket til dei indre bygdene. Men endå viktigare var det at øyane, ei etter ei, var knytt til vegnettet med store brusamband, ofte betalte av distrikta og brukarane sjølve. Til slutt greidde ein også å skapa eit tenleg vegnett i Bergensregionen, som låg sørgjeleg til akters. Bompengeringen, og "spleiselaget" mellom brukarane, kommunen og staten representerte noko heilt nytt her i landet. Det er bygd meir, større og betre veg dei siste 30 åra i Hordaland enn i all tid bakover til dei første hordalendingane slo seg ned under steinhellarar ved strandkantane. Mykje står enno att ? men i framtida er det rett bruk av vegen, og rett samspel i transportarbeidet som vert avgjerande. KJARTAN RØDLAND Med slektsrøter i det vegrike Nordhordland, og med oppvekst i dei vegfattige Vossabygdene, har Kjartan Rødland opplevd utviklinga frå den gongen ei ferd til Nordhordland kunne ta tolv timar, med tog, båt og buss og med rikeleg ventetid i Bergen, til i dag, når same ferda går på ferjefri veg på ein dryg times tid. Kjartan Rødland har følgt utviklinga på nært hald, som journalist og redaktør i Bergens Tidende og som informasjonssjef i Bergen kommune, i tida frå før den første Norsk Vegplan og fram til i dag. Rødland var også informasjonsdirektør i Oslo då hovudstaden følgde Bergen og laga ein bompengering som kunne gje eit godt og variert veg- og banesystem. Han har skrive fleire bøker frå nær og fjern lokal historie, "Statsraaden" om skuleskipet "Statsraad Lehmkuhl", "Livsnerven over høyfjellet" om Bergensbana, og "Quantum Satis" om Svaneapoteket i Bergen gjennom 400 år.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?