Vatnet, verket og byen - Høyanger 100 år - 1915-2015

Vatnet, verket og byen - Høyanger 100 år - 1915-2015

av Martin Byrkjeland,
2015

Sammendrag

Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år 1915 2015 fortel historia om korleis eit avsides bondesamfunn i Sogn på nokre år vaks fram til eit moderne industrisamfunn. Her ligg ei spennande og interessant historie om korleis vasskrafta vart nytta til å byggje opp eit aluminiumsverk, eit verk som i dag er det eldste i Noreg som framleis er i drift. Dei fremste norske arkitektane i Noreg teikna ein by som i slutten av 1930-åra vart karakterisert som «Norges vakreste industriby». Folk strøymde til frå ulike delar av landet og forma sin eigen dialekt og sin eigen kultur.

Dei siste tiåra har vore prega av ein stadig kamp for å halde oppe arbeidsplassar og samfunnsfunksjonar. Mesteparten av bygningsmassen som vart sett opp i dei åra då industrien vart etablert står framleis, og Høyanger er i dag eit levande industrisamfunn mellom fjord og fjell med aluminiumsfabrikken i sentrum.

Dette er historia om bedrifta og staden. Korleis prega klassekamp og motsetningar industrisamfunnet? Korleis ordna ein kvardagen, fritida og kulturlivet? Og ikkje minst: Kva vil det seie å vere frå Høyanger?

Martin Byrkjeland er cand. philol. med hovudfag i historie fra Universitetet i Bergen 1985. Han har arbeidslivs-, teknologi- og industrihistorie som interesseområde og har mellom anna forfatta historia til Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening 1916 1986. I tillegg til historie har han arbeidd med ulike andre former for samfunnsforsking, særleg innanfor arbeidsliv- og miljøområdet. Han har vore engasjert av Høgskulen i Sogn og Fjordane i arbeidet med Høyanger-historia.

Jan Anders Timberlid er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 2000. Dr. philos fra Universitetet i Bergen 1992 på ei avhandling om utmarksbruket på Vest- og Sørlandet 1850 1980. Forutan lokalhistoriske artiklar har han skrive ei rekke bygdebøker. Parallelt med Høyanger-historia skriv han også eit band av soga for Sogn og Fjordane 1763 1875 som skal kome ut hausten 2016.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?