Vestlandskunstnaren Mons Breidvik

Vestlandskunstnaren Mons Breidvik

2000

Sammendrag

Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950), ein markant vestlandskunstnar som ikkje bøyr gløymast. Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger. Her skapte han kunstnarheimen Fosslid der han budde og arbeidde resten av livet, med unntak av elleve år i USA. Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werenskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. Han har hausta størst lovord for skildringar av born og for glimrande portrett. Han er representert i sentrale galleri i Noreg og USA som Nasjonalgalleriet i Oslo og Metropolitan Museum i New York. Elleve gonger var han representert på haustustillinga. Mons Breidvik var ein idealist med klåre meiningar. Iherdig arbeidde han for å gjera kunst til allemannseige. Han kjempa for norsk språk og bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass og kjempa for eit kunstakademi i Bergen. Denne boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og den iherdige kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg i første halvdel av 1900-talet. Boka er rikt illustrert med kring 100 av Mons Breidviks kunstverk og kring 40 foto.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?