Å studere argumentasjon

Å studere argumentasjon

Formater:PocketE-bok
Vurdering
Anbefalt
Del
2024PocketNorsk (nynorsk)ISBN 9788245045314Kopiert!

Sammendrag

Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon.

Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane.

Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium. Se flere utgitte og planlagte bøker i .

Anmeldelser

dagogtid.no
«Denne boka vil alle, i kvardagsliv og offentleg debatt, ha god nytte av. Ho mystifiserer ingen omgrep, men drøftar prosessane i diskusjonar.»
Les hele anmeldelsen